Kanonball

Vi har alle vært der. Du går på barneskule med adoptivbror din og dei ni søstrene dine og har lyst å vere den kulaste eleven i storefri. Det er eit par måtar å oppnå dette på, nokre gjennom å svelgje luft å deretter rape det til dei eldre elevane ved skulen (sjette, sjuende). Det kan vere lurt å rape dette som eit rim, eller regle, som f.eks "mamma mia dreit i sklia mista puppa oppi suppa" sjølv om dette er noko krevjande og krev masse trening. Øv gjerne framfor spegelen, eller i stallen din. Dei andre måtane består blant anna av å mobbe andre elevar, jage jenter med objekt (spade, trehjulssykkel, og kjent som PU$$Y-MAGNET-BIKE).

Men...

Det er ein måte som er urovekkande effektiv. Nokon vil kalle den kynisk. Enkelte barneskular i sørstatsprovinsen i USA har faktisk bannlyst metoden. Den kan få deg til å stige i rankane i barneskulehierakiet raskare enn Francis Underwood snur seg til kameraet for å dra en halvklein metafor om at kakkerlakkar må knuast under skosålen før dei får gjort skaden sin etter å ha eliminert ein potensiell trussel. Den kan skaffe deg makt. Kjærleik. Ekstra melk. Uten å stjele.Eg snakkar sjølvsagt om kanonball.

 

 

Det er ofte store debattar knytta til denne myteomspunnede sporten som ingen heilt klarar å like, men heller ikkje å hate. Det er ein aktivitet som krev mykje av deg fysisk, men og som medmenneske. Ei økt med kanonball føregår ofte slik;

Gruppa bestem seg for kven som skal være første mann å velge (førståvelg) og andre mann å velge (andråvelg) gjerne i form av ein enormt udemokratisk maktseanse der den som ropar høgst, evt byrjar å grine om han ikkje får viljen sin (dei kalla meg ikkje crybaby for ingenting - johnny depp). Når det er etablert kven som er først og andre er det på tide å velge medelevar. Om du har kjæreste er du obligert til å velge kjæresten din først, om ikkje kan du ta den sympatiske veien å velge ein som er litt dårlig eller funksjonshemma,  den taktiske måten ved å velge ein elev du vil kysse eller være venn med, eller den rette måten, som er å velge den som er best. Det å vere best er ofte ein universal tittel som gjeld på absolutt alle områder i barneskuleverden og er ofte ein blanding av ekstrem hastighet, styrke, smidighet, og lagånd.

Etter at du har valgt laget ditt og trøsta jenta som vart valgt sist er det på tide å finne ein konge. Eit stort dilemma, og omdiskutert spørsmål innan kanonball er å finne ut kven som skal vere konge. Ein konge har tre liv, og har dermed ein merkbar fordel i forhold til dei andre utøverane. Men på samme tid kan ikkje kongen byrje på feltet, og har dermed  mindre påvirkning på spelet i ein tidleg fase der det ofte etablerast kven som "suge" og kven som "rula". Moralen følger førnemnte titlar og utøverane gir ofte opp eller blir sinte på kvarandre. Ikkje bra. Kanskje kongen kan redde det? Her er det viktig å ha ein konge som forstår mennesket, og som veit kva som må gjerast når ting går dårleg, derav navnet "konge" som ein metafor til det ekte kongar gjer, som er nettopp det; ingenting. Kongen held kjeft og sjølv om han kan gi ut liv for å redde dei som dør først (dei som suge) må han faktisk spare dei til seg sjølv sidan han mest sannsynelegvis er bedre. Ein ting som er bra med å være konge er at du får moglegheiten til å virkelig skinne seint i spelet med å turne på bana, hoppe, slå hjul, og smile til tilskodarar når du unngår ballen.

 

Når det gjeld reglane i kanonball eksisterar desse ikkje før sånn 2-3 minutt ut i spelet då nokon får ballen i hauet. Det skal no bestemmast om "headen er fri" eller ikkje. Ei økt kanonball blir ofte artigare når headen er fri, sidan det gjerne på kvert lag er ein som har spesialisert seg i nettopp dette og brukar unødvendig mykje tid på å til ei kvar tid treffe ballen med hauet sjølv om det er ugunstig. Eit likt anntall spelarar fordelast på kvar side av midten. Ein ball blir delt ut og ein skal no treffe motspelarane med ballen. Snissing, når ballen treff buksebeinet men ikkje ein kroppsdel tel som eit treff om personen som blir truffen ikkje er god til å krangle. Om ein medspelar grip ballen etter du er truffen, FØR ballen har truffe bakken, har vedkommande "redda deg". Det er då ofte på sin plass å snu seg til laget for å sei "SÅÅÅÅG DU MEEEEG" noko dei selvfølgelig gjorde, men det er viktig å få bekrefta før spelet kan gå vidare. Ei økt varar gjerne i tjue minuttar alt etter om velginga av lag var basert på sympati eller kynisme.

Det viktigaste med kanonball er å utnytte moglegheita til å flørte. Det er ein inngangsportal til vaksenlivet, og kjærleiken, og all den meininglause smerten den medfører. Om du ikkje kan flørte kan du berre gjere ditt beste for å spele godt og bruke sjølvtilliten som kjem frå prestasjonen din til å manne deg opp til neste "nødt eller sannhet", eller den avanserte varianten "nødt eller sannhet OG prosent" der du må oppgi prosentvis, kor mykje du likar ein person. Om du blir likt med 65% eller meir er du ofte good to go, men om du får ein 13% i fleisen er det ofte vanskeleg å halde maska på neste elevkveld. Ein gang var det ein som fikk 0%. Han heiter Christian Tybring Gjedde. Og det forklarar alt.

 

 

Beskriv den ubeskrivelege motvilja.

Eg har vore opptatt. Opptatt med nøyaktig ingenting, medan eg tenker på at eg burde lese til studia mine. Noko eg gjer, i eit par timar, før eg sluttar, og drikk alkohol i staden. Det er uheldig. Ikkje like uheldig som fordelinga av mat i værstudiet til NRK mellom Kristen Gislefoss, og Terje Allsvik Wøe, men framleis uheldig. Så. Kva tykkjer du om den C-kjendis referansen? Var det godkjent komplisert humor? Var det for diffust? Kan gjere det enkelt. Han første er kjempetjukk og er værmann på TV. Han andre er ikkje kjempetynn, men ganske, og er og værmann, for samme kanal. Derav humor.

 

Det er ei motvilje i meg som ikkje lar seg beskrive. Det kan samanliknast med beskjeden "Torkel, no byrjar newton, det må du hugse å sjå". Til tross for at eg eigentleg, naturlegvis, ikkje hadde lyst å sjå det, satt eg med ned og beit meg igjennom programmet.  Eg slit den dag i dag med å gnisse tenner om natta, og vil i likheit med alle smegmaluktande kommentarfelt-parasittar skylde på noko som er totalt irrelevant for mi misnøye. Nemleg "Newton-programledarane". Eg forstår at dei skal vere engasjerte og koslege, men må dei verkeleg vere så spretne. Så lystige. livsglade og sprudlande. Alle har i tillegg dialekt. Med det meinar eg at dei ikkje snakkar Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, eller Nordmongo. Det gjer det heile ekstra tungt å bevitne.

Ikkje misforstå meg, det er ikkje noko i vegen med å vere glad. Sjølv er eg glad om dagen. Eg får omsorg og kjærleik av ein person eg vil ha omsorg og kjærleik av. Eg har fått pengar av staten eg kan bruke til å ete øl, og til tross for at det snart er eksamen, stressar eg ikkje. Noko som regelrett er eit greit frampeik for karakteren "E". 

For stryk gjer eg ikkje. Det kan kvinnene ta seg av. Skjorter ikkje sant, sånn klesdritt. Ikkje på eksamen, der er jo kvinner, eller, jenter, så utrulig flinke. Ikkje flinke. Flittige. Du er ikkje smartare enn meg. Du er flittigare enn meg. Og av nettopp det faktum, kjem du til å lykkast med utruleg mykje meir ting i livet ditt, enn eg. Gratulere, jævla tøs.

 

Til slutt, sidan eg har mykje tapt elegans å gjere godt att for, skal de få ei liste med kombilåtar, populært kalla 'mashups', eg vil høyre.

 

1. Det snør det snør, tideliBOOM BOOM BOOM BOOM I WANT YOU IN MY ROOM 

2. Det snør det snør tideliBOM BOM BOM BOM BOM BOMBADILLA LIFE 

3. Since i've been LOVING YOU GIRL IS SUCH A LONELY FEELING 

4. We will, we will, ROCK YOU LIKE A HURRICANE 

5. OUR HOUSE. IN THE MIDDLE OF OUR streets in philadelphia.

6.  Mambo number 5aclock rock we gonna rock, around the clock tonight.

 

 

Kunsten å tøffe seg.

Alle barna drukna i badekaret, utanom TORKEL,  han brukte SNORKEL der ser dykk folkens, det lønnar seg å ha eit unormalt navn slik at ein ikkje druknar. "Torkel, hyggeleg". "HÆ TORGEIR". "Torkel. KEL". "TORKIL"? "Nei TORKEL med E liksom hehe" "ÅJA HEI TORKØL HYGGELIG" "Hyggelig ja, kva heitte du igjen" "LISE" "Hehe stemmer hyggelig lise". "HVA STUDERER DU DA TORKIL?" "Psykologi" "ÅÅ SÅ SPENNENDE DA KAN DU VEL ANALYSERE MEG DA HEHE". Det er no eg av og til er i humør til å seie at eg heller kan ANALISERE ho, før eg blir brutalt avvist og mistar sjølvtilliten min i bakken. Dei gongane det faktisk ender opp bra, blir eg vettskremt av at ein person faktisk ikkje reagerar negativt, og spring vekk der i frå. 

Ein ser forøvrig for sjeldan folk som spring frå uteplassar. Eller inne på uteplassar. Det hender at nokon dansar, då. Litt sånn "Åå, hehe eg dansar berre på morro altså woho sjå så teite vi er hehe vi er ein skikkelig CRAZY gjeng assa" og så luskar det fram luguber hopping til gangnam style med ironisk distanse. Forleden såg ein guttegjeng, som eg vel å kalle 'GUTTA KRUTT FULL TUTT' som satt ei kjegle ved inngangen til 7-11 og generelt var skikkeleg hypre og overtrøtte. Og fulle då ikkje minst, dritafulle, 'jegerbombe, jegerbombe, jegerbombe' var heiaropet deira, medan dei stoppa folk som gikk forbi og tøffa seg. Ein tøffar seg for lite no til dags. Før i tida kunne ein tøffe seg på moped, blant anna. Eller med å ete mest pølser på klassefest / bursdag. "Dæven døtte, Tor-Emil, du åt heile fjorten pølser du, du må vere skikkeleg mett, og tøff". Så kunne ein vere den som ba først opp til dans på elevkveld. Eg turte aldri å danse på elevkveld, så satt heller i hjørnet og spelte snake på telefonen og snik-kikka på dei tøffaste gutta som turte. Så dansa han eine slowdance med ho eg likte, så gjekk eg på dassen og sparka inn tørkerullane, som heitte 'TORK' og så brukte eg det som ein dramatisk metafor på å straffe meg sjølv for den ubrukelege oppførselen min.

Så, korleis tøffar ein seg no? Får ein seg sigar på fest? Tar ein med seg damer med stor utringning og oppvekstvanskar frå Zachen heim og berre 'hehe tok med meg DEN dama heim i går'? Spelar ein gitar med gitaren på nakken? Ja, det gjer ein. Og det skal eg gjere førstkommande LAURDAG, på GARAGE, klokka 23.30, så eg håpar verkeleg at du kjem og ser på. Då skal eg tøffe meg. Ein kan også tøffe seg på bileter. Som det her, foreksempel.

 

 


Her tøffar eg meg med Ikea-Hunden, "Pål" som Mamma gav til meg i forfjor. Eg er glad i pål. Eller latar som eg er det for å framstå som ein omsorgsfull og snill mann, men som eigentleg og gjer litt faen (merk; øyrering).


Her tøffar eg meg med heva augebryn. Pål og tøffar seg på dette biletet.



Her tøffar eg meg med å sjå opp i taket, og eigentleg vere ganske fornøgd med meg sjølv. Dumt ein ikkje kan laste opp slike bileter av seg sjølv på facebook :s. Jaja, kan laste dei opp her med ironisk distanse slik at eg har ei unnskyldning til å eksponere meg sjølv :-D. (Har forresten blitt over 30, og har løyve til å bruke den smilyen her :-D).

 


Merk gitarsmykket mitt. Ser ut som ein fyr fra Zachen utan sjølvironi. Har litt lyst å laste opp på facebook, men tørr ikkje i tilfelle eg ikkje får likes.

 

Vel? Så korleis tøffar ein seg? Ein brukar heimesideinnlegget sitt til å subtilt skryte av seg sjølv, og konserten ein skal ha LAURDAG KLOKKA 23.30 PÅ GARAGE

 

 

Det har vore ei stund sidan.

Som tittelen seier, har egg og palestinaskjerf lite til felles. Det har seg nemleg slik at eg ikkje har internett, og stort sett har vore full og horribel i ei veke (to) i strekk. Det har vore kjærleikserklæringar eg ikkje kan stå for, ein del overaskande kjekke mennesker, og ein ørliten porsjon kleine heiarop. Misantropien er død, folkens. Neida, eg hatar fortsatt alle. Ikkje alle. Nokon.  Kanskje deg. Det er nesten bloggtittelen min, det. Tenk på om DET ikkje hadde vore planlagt, du. 

Den siste månaden i stikkordsform, spør du om, og kommenterar kor søt og kjekk og kul eg er medan du prøver å kysse meg sjølv om eg må takke nei fordi du ikkje eksisterar? Det kan vi ordne.

Mat.

Drikke.

Drikke.

Lite mat.

Alkohol.

Alkohol.

Alkohol.

Alkohol.

Alkohol.

Kleint.

Kjekt igjen.

Slitsomt ass.

Student.

Student.

Dark Souls.

Dark Souls.

Pokemon Stadium.

Pokemon.

Du er søt.

Du er litt teit.

Du er kul.


Hehe, takk for at du seier eg verkeleg appelerar til deg på alle tenkelege måtar, såklart kan eg legge ut eit par bileter også.

Her støttar eg opp om imaget mitt som boysboy... Let me out that queen. Tar du referansen kan vi gå på date.

 


Her er den søte og enormt utilpasse fadderen min. Eg drikk to heineken fordi thats what i do fuck you.

Her prøver eg og min venn Hans å drikke rom og cola i parken medan eg spelar eit tilstynelatande umogeleg grep etter ansiktsuttrykket å dømme.

Pain med ketchup. Sjølv om det er stygt, er det nødvendigvis ikkje kunst.

 

Friluftsaktivitet. Det der, er "teltet" mitt. Det var jervenduken til pappa. Den var så langt over bakken heile natta. Fin natt. Håpar at dette biletet gjer eit inntrykk av at eg er ein sporty og kul kis. Skal spele fotball i morgon liksom. Var på ulriken i går. Berre sånn. Har ikkje bilete til å dokumentere då. Kan fikse til neste gang om du vil. Høyrest bra ut :). Hos meg eller deg? Kan mekke pizza liksom. Laga ein ganske bra ein. Kva film vi skal sjå? Nææ, samme for meg. Eller vent litt. Det er ikkje det samme for meg. EG vil bestemme. Det er korrekt. Eg er ein sånn som gjer det, forstår du.

 

Ankomst. Stemninga er bra. På topp nesten. Tre av vennane mine er retarderte.

 


Stemninga fortsatt på topp, til tross for at eg har blitt sprøytenarkoman.

 

 

Korleis ein vinn livet.

Du lurer på det. Vi lurer på det. Eg veit det. Ja. I dagens innlegg skal eg ta for meg det store spørsmålet "Korleis vinn ein livet?". Så skal eg svare. For du veit det ikkje. Men det gjer eg, fordi eg har 1000 followers på twitter.

 

1. Å smile til forbipasserande mennesker du ikkje kjenner bidreg til å vinne livet.

2. Å smile til forbipasserande mennesker du kjenner bidreg til å vinne livet.

3. Å smile til menneske på anabole steroidar bidreg til å få eit slag i kjeften.

4. Litt løgn for å framheve ei god anekdote kan bidra til å vinne livet om ikkje ein blir busta, då taper ein.

5. Å drikke fem øl klokka tre på ein onsdag, der du spanderar samme mengda på gode venner kan vinne livet.

6. Å drikke fem øl klokka tre på ein onsdag kan og forutsake alkoholisme så hold det ekte folkens.

7. Får du dine eigne, eller andre, foreldre til å le, kan du vinne livet.

8. Å gjere som ein vil, vinner livet.

9. Det gjeld ikkje å klø seg i analsprekken offentleg, urinere på andre mennesker, like 'one direction', eller rope 'HOREAVFØRING' i klasserommet første dagen på VGS.

10. Å få til ein bra definisjon på eit paradoks når læraren din lurer på det ein gong i andre klasse slik at ho fine jenta, det var kun ei legg ekstra merke til deg slik at dåke kan snuske på handicaptoalettet i første etg er å vinne livet.

11. Å vinne i fifa mot ein person du mislikar, hjelp godt på når du vil vinne livet.

12. Skriv syrleg sarkastisk blogg, for å vinne livet ekstra hardt.

13. Ha over 1000 følgjerar på twitter for å vinne livet.

14. Ha over 500 følgjerar på twitter for å vinne livet.

15. Ha sex med minst 10 av følgjerane dine på twitter for å vinne livet.

16. Få det til å virke som du har hatt sex med ti av følgjerane dine på twitter uten å ha hatt det, for å vinne livet.

17. Hald ein uklein samtale med tante (35) når du er alkoholisert for å vinne livet.

18. Dette gjeld og Onkel (54).

19. Spy og bli frisk igjen seinare til festen for å vinne livet.

20. Ikkje kvepp av nedspylingslyden på offentlege transportmiddel for å vinne livet.

21. Drikk pils på båten for å vinne livet.

22. Ikkje ha dårleg underlivshygiene. Då taper du livet automatisk.

23. Ikkje sei 'Insj' eller bruk ordet 'Korresponderende' om du vil vinne livet.

24. Gå ironisk i dress for å vinne livet.

25. Drikk ironisk sjampis for å vinne livet.

26. Aldri sei sjampis.

27. Ikkje bæsj på besøk for å vinne livet.

28. Bæsj på offentlege områder for å likne romfolket.

29. Ikkje hat romfolket for å vinne livet.

30. Ha det gøy! Det er det viktigaste.

31. Aldri sei at 'å delta er det viktigaste'. Det viktigaste er å vinne. Livet.

 

Horepudding.

Videoblogg; Ting å gjere i Lifjorden (på hytta)

video:torkel0002


Sidan livet er ein #YOLOCOASTER  og eg må vere på hytta og passe katt, tenkte eg like greit og dokumentere det heile. Ingen diss mot Lifjorden altså, alle tre geitene som bur her er ganske avslappa og hyggelege, og det hender at det er bazar ein gong i kvartalet. Vann ein rosa minidisc der ein gong, og ein pakke twist.

Vi tenker på dykk. I år, som i fjor.

Vi tenker på dykk. I år, som i fjor. Vi tenker og på han. Idioten. Han må få vere det. Det er ikkje han som er viktig her. Lat oss gløyme han litt, alle i hop. Eg føler med alle familiane. Eg prøver, i alle fall. Men det er jo så vanskeleg å skulle bry seg om nokon, i denne verda. Det er så mange som har det så vondt. Og det er så vanskeleg og forstå. Eg prøver. Vi prøver. Men vi veit ikkje. Korleis det eigentleg er. Eg vil holde deg i handa, du som mista guten eller jenta di, denne dagen, i fjor. Eg vil at du skal vite at eg prøver å bry meg. At vi bryr oss. At vi vil bry oss. At de ikkje er aleine i denne vonde tida. Eg føler meg så egoistisk. For at eg ikkje tenker meir på dykk. De som døyde, og de som sit att. Men det gjer meg ilt. Eg blir redd. Eg skulle ynskje vi kunne seie at han ikkje har oppnådd noko. Det ville vere ein løgn. Han slo oss det det svei mest. Med knyttneven. Når vi ikkje forventa det. Når dykk ikkje forventa det, stakkars, vakre ungdom. Vi er kanskje ikkje perfekte, nokon av oss. Men det gjer ei misantropisk sjel glad å sjå at det til og med no, i 2012, når vi har så mykje meir enn nok med oss sjølv, har rom i kvardagen til å tenkje på andre. De er flotte. Lat oss tenke meir på andre. Lat oss prøve å forstå. Lat oss bli betre, alle i hop. Og sist, men ikkje minst; lat oss lese dette innlegget med stemma til Sylfest Lomheim. Det hadde han nok likt.

Videoblogg; Torkel og Sokken helge, tar seg ein vennskapeleg prat.

video:helge


Det her er min beste venn, Helge. Han er ikkje så HYPER TIL VANLIG ASSA :D xP

Dagens Outfit, #YOLO, Hanne Nabintu

Vi er komne ganske langt i samfunnet no. Det er lengre ikkje kult å vere ein av dei som hånlig ser på deg, åpnar munnen på skrå,  seier 'eeeeeeee, nei?' og går opp i tonefallet på slutten. Vi menn kan også handle activia yoghurten, ettersom det no og i reklamane er ein mann som et den. Reklamen seier framleis ikkje sannheita. Det plagar meg at tenåringsjenta  i kjernefamilie-reklamene aldri har tannregulering, og at 'minstemann' alltid er ein glad liten pusling med justin bieber sveis. Kvar er alle dei prepubertale tendensane? Ro ned på tacoen då, superfamilien. Eller, enchiladasen. Sørg for å lage RIKELIG med cupcakes til dessert. Om ikkje cookies. Sørg og for å uttale det med litt mørk sensuell røyst, slik at vi skal ha ekstra lyst til å fjerne tennene dine med høygaffel. Dei er forresten bleika, du lurer ingen.

 

Så var det ho her då. Altså, sei kva du vil om snorkfrøken, men den spenstige ankelringen der ser du ikkje på Hanne Nabintu Herland eingong. Kinky shit, Snorkfrøken. Jævlig synd Mummi er hypp på Mumrik.

 

Prøver meg på sensuell yoghurt-eting her. Instagram var nede, så la det ut her i staden.

 


Her blir eg om mogleg endå meir sexy. Legg merke til at det er meir igjen på skjeia. Det er fordi eg sparar til etterpå (er ekstra digg å spare).

 

 

Vegen frå å sjå  sexy ut til tvangsinnlagt er ikkje alltid så lang.

 

Her illustrert av Hanne Nabintu (Sorry Hanne, eg satt fortsatt pris på den hook-upen vi hadde på Garage i fjor, men du tåler ein spøk #YOLO)

På samme måte som det forholdet Hanne hadde til meg, er det her eit einvegsforhold. Ein ser tydeleg at eg vil vekk, men katten held meg fast.

 

Her har vi endå eit eksempel på eit einvegsforhold. Det her er min type katt. Den andre katten hadde ein litt snever utsjånad, så den her berre "YOLO" og smelte ein boks over hovudet på ho. Eller han.. Det er ikkje berre vi menneske som har utvikla eit meir tolerant samfunn. Kattane har eit veldig greit og respektfullt forhold til homofili, og dogging. Og bondage. Det er heller ikkje sett ned på å snikvoldta bamsar. For oss mennesker altså. Håpar eg.

 

 

Espen Eckbos 'Asbjørn' ville og vere med på blogginnlegget. Biletet frå van gog er altså ekte, så om nokon var i  tvil om dei skulle ligge med meg er eg altså rik.

 

 

 

Poenget er vel eigentleg at dette innlegget ikkje handlar om noko som helst. Så når det allereie er sagt, skal det og seiast at det ikkje var meir dopapir igjen i dag. Greit for meg, verre for badekåpa til mamma.

 

Video; Torkel spelar teite sangar og oppfører seg generelt tilbakeståande.

video:krem0005

Her er resultatet av altfor mykje fritid, altfor mykje kreativitet, og altfor lite medisinering.

Gatebarnet.

Du er flott. Du er unik. Det er berre ein deg. Du er unik. Sei det ti gongar. Så kjem du ut frå personaltoalettet på narvesen og tar potetsalat på pølsa mi. Det er rett. Eg møtte ein alfahann i køa. Han tok mykje på folk, og var liksom litt inkluderande og morosam på samme tid. Tar du på meg så kjem eg til å knekke fjeset ditt, tenkte eg. Han hadde så fine klede. Homo.

 

Ellers er det rotter i kjellaren og ikkje så mykje å gjere med det. Det blir 80's festival på toten, sidan svinesund og allsang på grensen-plassen ikkje var tilgjengeleg. Så har eg byrja som gatemusikant og folk tykkjer det er artig. Eg og, når dei trur eg er frå russland eller eit anna ubrukelig land,  og kommenterar kor kjekk eg er. Mennene, altså. Homos.

Det lønnar seg. Eldre menn med kurs 'bryggen' i 12 tida er favoritten. Eg har og befrenda omlag fjorten narkomane. Han eine dansar halvegs retardert, og vekslar mellom norsk og engelsk, man kan jeg play on that gitaren din. Han andre er sinnsforvirra og meiner han er reinkarnasjonen til Jim Morrisson.

ELLERS SVETTAR EG PÅ SKRUKKEN OG TAR LIVET JÆVLIG MED RO, SLIK SOM ALLE DÅKE ANDRE.

Det går bra med meg, Mamma.

Tankar om meg

Dar går han. Sjå på han. Med buksa på knea, og dongriskjorte. Tøffar seg. Tyggis et han og. Som om han ikkje brukar kjeften sin nok utan å skulle nitygge på syntetisk snop. Han har solbriller på. Det er ikkje sol ute, naturlegvis. Sku gjett han ein runde med kjeppen. Slik som i gamle dagar. Eg jobbar i barnehage. Der har vi ikkje lov å seie 'runde med kjeppen'.  Ein et vel for så vidt ikkje tyggis. Kva faen gjer ein med tyggis? Ein spyttar det jo ut igjen? Ein tar noko i munnen, oppbevarar det der i 10 minutt, og spyttar det til helvete ut igjen. Kor sinnsjukt er ikkje det. Tenk å gjere det med noko anna enn ein tyggis, då? Ribbe blir av og til sånn. Då seier mormor 'fy' så druknar eg meg sjølv i akevitt. No laug eg, akevitt har eg aldri drukke til ribbe, eg har berre høyrt at det er på sin plass, av Ole Ivars.

Eg nektar fint å ta innover meg at nokon tykkjer eg er ukul. Då ler eg sånn, heeeeh.... Når dei avviser meg. Heeeh.. Med punktum, så blir det ekstra kleint for begge to. Så går eg heim å slår hovudet i veggen gjentatte gangar, gjerne i takt med, Toto - Afrika, medan eg prøver å overdøyve andrestemma. Naboen hatar meg. Ja, nei. Det har slutta å gå dårleg på damefronten etter at eg gjorde som Aksel Hennie, og køyrte den der litt leie stakkarslige 'hanging in there' kreftpasientlooken. Chix dig it. Og forresten, ikkje referer til deg sjølv i tredje person. Torkel likar ikkje sånne folk. Slapp av, eg likar meg sjølv.

 

 

Videoblogg; Ulike karakterar sett i sær situasjon.

video:heifest
Etter å allereie ha kjøpt ei rosa bukse, og registrert meg sjølv på finn.no (for salg) har eg bestemt meg for at eg har lite nok verdigheit til å lage ein videoblogg. Merk at alt det her skjer i alkoholisert tilstand. Merk at eg skreiv at merk t alt det skjer i alkoholisert tilstand. Det er kanskje det einaste eg har skrive som er meir desperat enn halvtjukke jenter med kvit singlet i russetida. Vi ser jo at dåke er tjukke, sant. Men herregud. Rødt og kvitt er jo nice. SÅ LENGE DET ER BLODET DITT OG SPERMET MITT. Hehe tulla.

Liste over sjukdommar du kanskje ikkje veit du har.

Medan du les dette innlegget må du høyre http://www.youtube.com/watch?v=D6PIqn6J6Qc for ekstra effekt. Høyrast på eige ansvar.

 

 

 

 

 

Det er veldig mange her i Noreg som slit med angst og deperesjonar. Det er kjempetrist. Fordi det er så kjedeleg. Så eg er her for å representere sjukdommane som ikkje er like populære og etablerte som td angst og depresjonar. Så: slurp slevet i deg, trekk opp smekken, og sett deg ned i godstolen, gjerne ein du har funne på fretex som luktar narkoman, og sjå deg takknemmeleg for at du ikkje lid av

 

1. Ballehårsnurp. Når håra på det mannlege kjønnsorganet set seg fast i beltet og forblir der over eit tidsrom frå ein til sju timar, og dannar ei følsom flette av hår.

2. Metall-lyd-tanngniss-spasmeBVÆH  Folk som lid av å lage spamiske rørsler og lyden 'bvæh' når metall gnissast mot kvarandre. Kronisk, ukurerbar sjukdom som oppstår om ein er født av eit medlem av programmet 'Unge Mødre DK' eller familien har hønsefarm.

3. ScandalbeautiesFacebookLikeSyndrom (SBFLS) Ei uheldig påkjenning som rammar store delar av verdens befolkning. Sjukdommen medfører ein hinsides enorm trang til å like, og kommentere 'boobs ;)' på bilete av halvnakne kvinner med sillikon i brystpartiet.

4. BergensBølgeInfarkt Enormt raseri som resultat av å høyre på for mykje bergens bølge musikk, og å ha lyst å kaldkvelde heile sullamitten.

5 Fiskeslag. Ofte misforstått for å vere ein beteiknelse for ulike typar fisk. Tilstanden på sitt mest kritiske, kan medføre moderate til store mengder lyst til å slå på ein fisk for å høyre kva lyd den lagar.

6. SpotiFEEEEEEEEEEEEEEi. Eit fenomen som oppstår i hjernen og ber vedkommande om å logge seg på sin eigen spotify med sine eigne spelelister på fest. Kan vere meir kritisk for menneske rundt, enn for mennesket som lir av fenomenet.

7. Blrrrp. Lettare forstyrringar i hjernen som resulterar i problem med å skilje mellom kva som kjem til å vere ein fis, og kva som kjem til å være ein bæsj. Ikkje særleg kosleg for nokon som helst.

8. KreativtFORFALLsyndrom. Eit syndrom som ledar folk til å være manusforfattarar for Paradise Hotel. Ein kan omtale personar som lir av syndromet som lettare retarderte.

9. Gateurinistotetis.  Veldig sjelden tilstand som kan forekomme etter jenter har vert på byen. Får spasmer i underlivet som resulterar i offentleg urinering, gjerne i Hans Holmboesgate 25 for å gjere meg litt ekstra kvalm.

10. FAEAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA.  Kan komme som reaksjon etter gjentatte tap i FIFA.

11. SjølvinnsiktOTreniningstattisolasis.  Førekjem hos alle mennesker i heile verden som er overgjennomsnittleg interessert i trening og kosthald. Ledar ofte til brutal mangel på sjølvinnsikt, og dokumentering av eige kosthold. Siste del av tilstanden, 'Totalldouchyasis' kan ein diverre aldri komme tilbake frå.

13. Bloggspjong.  Ein mental tilstand som førekjem hos menneske som ikkje får oppfyllt eksponeringsbehova sine på facebook / twitter, og må skape seg blogg i staden. Er ofte enormt, enormt kjekke menn i tjue års alderen.

14. Alkohfejs.  Ein sjukdom som hindrar mange menn i å få seg noko på byen. Illustrert nederst.



Eg vil vere kriminell.



Det er tøft åvere farlig. Kult å vere kriminell. Spre litt frykt på byen, på ein fredagskveld. Og vite at alle damene blir klamme i hakket, fordi di vet at du går med våpen. Det kallast 'Bonnie-Syndrom', det. Det stammar frå filmen 'Bonnie and Clyde' der Bonnie tydelegvis er ei jente frå Førde og omegn, sidan det går utpå å tenne seksuelt på kriminelle og farlege menn. Eg har forsøkt å appelere til denne kvinnerasen ei god stund no, men har ikkje hatt så stort hell. 'Blir du med heim, så kan eg true deg med kniv, hore' er tydelegvis ikkje 'sosialt akseptabelt'. Eg prøver stadig å bli meir farleg. Sjølvsagt, fordi eg vil bli like tøff og røff som Roy Kåre. 'Roy Kåre' som forøvrig ikkje berre er eit navn, men ein livssituasjon. 

Sidan eg i ny og ne møter dykk, fansen min, på byen og diverse har eg fått eit par tips. ?Slutt å være så kjekk, folk likar det ikkje? ?Slutt og ver så morosam? ?Slutt å ver så veltrent tøff og kul pg smart og sterk? ?Ta fleire bilder, du er så kul?, er nokre. Det er med tungt hjerte eg må meddele at det kun er det siste alternativet som er gjennomførbart.

Eg skal offisielt hore meg ut, ved hjelp av utsjånaden min. Eg skal spele på sex. Legge ut lekre, delikate bilete av smegmaen min. Eg sa ikkje spele på sexy, eg sa spele på sex. 

 

Her er eg med den kriminelle jakka mi. Har nettopp hatt sex sju gangar minst.


 

 

 

Her er eg på konsert, hadde sex med tre ulike jenter etterpå, ei backstage.

 

 

Her er eg full og glad på legal, gjekk heim med to jenter. #player 


Eg er glad i dåke alle. Utenom nesten alle.

Alkoholjesus

I dag er det påskeafta og eg, som alle andre nordmenn, skal ut å feire at Jesus blei drepen med å drikke meg stupings. 'Trur du på Gud?' 'nei, egentleg isje, men eg e kristen då har konformert meg'. Så flott! Du hadde ikkje ballar (og/eller kjønnslepper) til å ta dine eigne valg som fjortenåring heller. Det er ikkje det at eg ikkje respekterar trua di. Eg berre utnyttar retten min til å seie at den er kjempeteit.

På ei annan side har eg ikkje fått påskeegg. Det er relativt ok, sidan eg byrjar å utvikle tynnfeite tendensar (smale valkar rundt trusekanten, trusekanten må løftast over vegvisaren for å sjule). Det er fest på 'kroa' i Dale, eit stadnavn som leverar akkurat like mykje som ein skulle forvente. Der skal eg svanse rundt og høste ros for utsjånaden min, og potensiellt bli slått i fjeset av sinte menn (neandertalarar) som kjem frå ein endå mindre plass og ikkje sit i fengsel. Det blir dritkjekt.

 

Kanskje påskeharen eigentleg er Jesus, og påskeegga eigentleg er Gud, baklengs, opphøgd i fjerde. Eller  sidan Jesus manglar ein biologisk far... Det er vel strengt talt like truverdig som at ein zombie som var sin eigen far skal redde verda frå synd med at vi telepatisk har han i tankane vore og, som kannibalane vi er, symbolsk et kroppen og drikk blodet hans. Vi er altså telepatiskevampyrkannibalar.

 

Det er ein ting eg alltid har satt spørsmål ved; sidan Jesus var så flink til å gjere vatn om til vin, og sånn. Og han snakka utenkeleg masse piss. Og stort alkoholkonsum kan lede til vrangforestillingar og piss-snakking. 

 

 

 

 

 

 

 

For deg som ikkje får nok; https://twitter.com/#!/UheldigSpydig

Liste over ting eg føler meg ubekvem av å handle på butikken.

Ikkje eingong rema 1000 reklamekokken, Simen Staalnacke, gründer av 'moods of norway',  eller kjendisversjonen av 71 grader nord kan få meg i dårleg humør no. Det er fint ver på søndag, det er fint ver ein plass det ikkje skal vere fint ver, og eg drøymer om hundar som likar meg.

Det er tilbod på pølser på rimi, ta tre betal for to, noko eg og andre menn med masse skjegg, ullgensarar, og joggesko set like mykje pris på. Eg merkar forøvrig eit større og meir intenst press når eg er på butikken. Tankane mine får det for seg at andre dømmer meg etter kva eg handlar.

 1. 'jasså, du er ein pølsegutt, du, du med det kjekke ansiktet og slanke kroppen, du er ein sånn ein'.

 2. 'Javel, du skal heim å lage løksuppe, skal du det? Ein liten løksuppe-pojke, er det det du er?'

 3. 'Ååååååå, snop på ein søndag, skal du ha kosekveld med guttegjengen kanskje? eller kanskje den mannlege kjæresten din? ååå, du handlar 'smash' og, er det fordi du blir lett påverka av reklame kanskje?

4. 'Sjå på deg, du handlar chips med dip, på ein laurdag, skal du liksom ha sånn flott vorspiel du ser på film du då kanskje, og prøve litt ekstra hardt at vennane dine skal like deg, er det sånn du tenker? så kan du smile og le å komme inn å demonstrativt løfte chipsposen høgt over hodet når du ankjem festen, og alle berre tenker 'yes, torkel er her, og han har med chips, han er så kul

5. 'ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅHÅHÅÅH, javel, solidox frisk pust, er du ein sånn kar som vaknar med drageånde og alle hatar kanskje? stakkar jævel'

6. 'Pepsi? Seriøst? Har det tørna for deg, du ser jo ut som du veg 40 kilo din lille dritt, ta deg sammen og tenk på dei som verkeleg slit din uomtenksomme faen'

7. 'Kva skal du med tampongar? Psychojævel'

 

Lista fortset. Men ikkje i dag. I dag var det mad-croc på ica. Og eg kjente ingenting. Ingen 'å så tøff som var ute i går og må ha koffein i dag men ikkje lagar seg kaffi fordi han ikkje kan fordi han er ein upraktisk liten tøddel', at all. Og kassedama smilte, og eg sa ho var flink til å handtere mannen som ville ta ut pengar utan å betale for noko, og som kun ville kommunisere på latvisk, og ho takka og ynskja meg ein fin dag og eg gjorde det samme. Så spaserte eg heim. Utan å tryne. Forbi verdas kulaste gate. Med verdas kulaste folk.

 

 

Galskap er sanning.

Analkløe.

Ømme hemoridar

såre, røde.

Skitne fingrar

harde tak

fy det er deilig

å klø seg bak

 

Når eg ser ein hamburger på disken

blir eg ei lenger slapp

i fisken.

 

 

 

Du kjenner ikkje meg, men det var eg

det var alltid eg

som gratis køyrte deg og han, dit du bor

og som ofte ringte deg

uten å seie eit ord

 

Bakfull

Bakf

Bu

Fullbakst

Gjerbakst

Tommy Steine

Viltmanns

Arbeid?

Kom deg i.

 

 

 

 

Nils sa ein gong

NEI

til ei pils.

Kven er du, Nils?

Kvifor seier du nei til pils?

Eg vil vere som deg, eg

Nils

 

 

 

 

A|Mb0t

Er juks

Du juksar altså.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fisken søv vel ikkje

når det er haiar i bukta

sløygd fisk, dau fisk

æsj kjenn lukta

 

 

 

 

 

 

 

vakrast er fuglen som ikkje har vinger

for han kan ikkje fly.

 

 

Gje meg handa di, ven, når det kveldnar, det blir myrkt, og me treng

kokain.

 

 

 

 

 

 

 

 

For å forstå?

Baklengs

Opp for deg

At du må lese

Gikk det

Når

 

 

 

 

Askeladden

Daskeladden

Per

Pål

Nj

Njå

Njåååå

Njååål?

 

 

 

 

Ta hintet

Ta hintet

Ta hintet

Ta

 

 

 

 

Eg er som ein vaskebjørn

eigentleg ganske kul

men og litt teit

egentleg ganske tynn

men og litt feit

lett å frustrere

hard å imponere

og hold deg langt vekke

om du vil sjå meg prestere.



 

 

Jeg meg

Di oss

Lars Bohinen, Per Christian Foss.

 

 

 


Fordi det ikkje går ann å slå stiv kuling

Av og til vil eg, som  Hans Bauge, sitte på bakerste rad og skrike ting eg innerst inne veit er idioti, til idiotane framfor meg. Det hadde og vert fint å kunne ha noko fysisk å gjere skade på når det bles mykje, lenge, og provoserande hardt i oppoverbakke. Å kunne jule opp nordavinden, gje stiv kuling, og pubertale regnbye eit kne i kjønnsorganet, og le av det etterpå. Men det går ikkje. Så eg skyldar heller på innvandrarane. For at eg forkjøla, kvalm, og aggressiv. Ofte i uvær. For når ein finn seg sjølve, i urovekkande mange situasjonar, knurrande og bjeffande på veg til butikken, fordi regnet demonstrativt slår ein i kjeften, er det noko som er i ubalanse. Nemleg innvandrarane.

Ikkje nok med det, eg sleit ein streng på gitaren idag. Ikkje nok med at dette er ein særdeles banal og kjedeleg setning i seg sjølve, men den konkrete hendelsen fikk meg til å likne pave

Johannes Paul II, på MDMA, sittande i ein dampvegvals.

Riste.

Fuck Mullah Krekar.

 

Heller ikkje venstre storetå skulle kome ifrå denne dagen uhemma. For som vi alle veit er dørkarmar det mest forpesta og ondsinna horeriet nord for ekvator, og vil gjere alt dei kan for å framprovosere verdens eklaste fargekombinasjon, på kroppens eklaste kroppsdel. Vi betalar for mykje skatt. Ondskapens akse. Fuck Petter Stordalen. Han har masse pengar. Ondskapens kakse.

 

 

ValentinsFAENATEGGIDDÅSKRIVEDETHERINNLEGGETJÆVLAUFORUTSIGBARTSANT

Det er 14 februar i dag, og som vi alle veit, betyr det berre ein ting; det er tirsdag. Tirsdagar er ikkje så aller verst. Denne tirsdagen var noko spesiell. Det låg mange roser i posten min, og det var eksepsjonellt mange ubehagelege meldingar i innboksen min. Det var vanskeleg å svare på alle.  Det har seg slik at beklagelegvis er allergisk mot roser. Eg er og allergisk mot dagar som utnyttar lommeboka mi til å forsterke førestillingar om at ein mann som gjer alt for kvinna, er ein mann kvinna vil ha.

For det er vel ikkje heilt slik, er det vel? Eg er uheldigvis brutalt klar over kva dag det er. Eg nektar av prinsipp å nemne navnet på dagen. Det har grunn i at pappa har lært meg at alle dagar som sannsynelegvis er oppretta for at enkelte bransjar skal tjene meir pengar på vår naivitet og materialistiske fokus er fobode å like, eller i det heile tatt akseptere. Det er ein dag for kleinheit, allergiske reaksjonar, misforstått oppførsel, og ironi.

Eg undrar på kva som er forventa av meg på ein slik dag. Det er kanskje det som er det verste. At fordi alle andre oppfører seg som amorøse, svake, menn utan kjønnsorgan, så må eg gjere det samme, for å passe inn. Eg prøver ikkje å seie at min oppførsel er best i verden. Den er berre betrakteleg betre enn mange andre sin, på ein slik dag.

Beklagelegvis snakkar eg ikkje heilt sant. På ein dag der eg har vore så uheldig med formuleringane at ei særs søt (neida, promiskuøs og horete, for å ikkje svekke imaget mitt) jente har trudd at eg har foreslått å ha sex med ei gås, er det lov å ikkje snakke heilt sant. Hanngåsa heiter for øvrig 'ein gasse'. Frykteleg kjekt ord.

Oppførselen min  har nok ikkje vert tilstrekkeleg. Den har vert fæl, noko eg har fått påpeika frå fleire kantar (firkantane, og trekantane var ekstra kritiske). Det er vel noko av grunnen til at eg er aleine på ein dag som dette. Impotensen, klamydiaen, samt schizofrenien trur eg ikkje det er så mange som bryr seg med.

Så; akkurat like sikkert som at twilight-edward er ein manipulativ vampyrbadboy, der spenninga mellom at han kanskje kan bite og drepe, men samtidig vere kjærleg, beskyttande, og kosete med meg, og at dette får meg enormt tent, og at eg sannsynelegvis har øydelagt moglegheitane mine for å nokon sinne ha sex igjen (i alle fall med mennesker som ikkje forstår ironi); eg er aleine. Og det er heilt aldeles strålande.

 

Denne er til deg, KAKKI. Sender deg eit cyberhjerte slik at du veit at eg bryr meg, sjølv om eg åpenlyst er alt for kul til å nokon sinne kunne innrømme det. Du er søt. Særleg opp-ned.

------------------------------------------------->   ♥ <------------------------------------------------------------

 

 

Beste valentinesKLEINbloggTOPSECRETMESSAGE ever? Veit. Håpar alle gutane som ser at eg kan lage ei kreativ, orginal, og dritsøt valentineshelsing blir enormt irriterte over kor mykje betre min ide var enn dykkar.

Og til alle feministane der ute; Suck it. Kjøp hjerteforma sjokolade sjølve. Det er tydelegvis det dei gjer i dei amerikanske filmane dåke 'ikkje ser' fordi dei er ALT FOR KOMMERSIELLE OG FOR LITE HIPSTER.

 

Veltrente mennesker.

Så våknar eg då. Eg har tenkt på dykk ei stund. Eg snakkar selvfølgeleg om veltrente mennesker. Dei er noko heilt for seg sjølve. Som vi alle veit er veltrente mennesker ein særeigen rase. Dei er ikkje så vanskelege å kjenne igjen. Sjølv i telefonen. Måten dei vulgært pressar stemmebandet sitt til å gjere noko det opprinneleg ikkje er i stand til. Måten dei konsekvent brukar ord og setningar som 'mat' 'kjøtt' 'eg er ein klein drittsekk' og 'bols' får fram anorektikaren i oss alle. Eg lurer på når det skar seg. Når den søte, sjarmerande karen som likte teikneseriar, laurdagsgodt, og med hjarte på rette staden, byrja å omtale seg sjølv som 'maskin', og skryte av kaloriinntaket sitt.

Var det når det første biletet av sin eigne halvnakne kropp vart publisert på offentlege sosiale medium?

Var det når ein endra favoritt sitatet sitt til 'no pain no gain' og aktivt gjer uttrykk for dette?

Eller var det når ein verkeleg følte seg stolt av å trykke i seg perverse mengder tunfisk, ein onsdags formiddag?

Ikkje veit eg. Det er ikkje sunt og vere sunn. Ein blir så ekkel av det. Elefanten i rommet er naturlegvis at eg er dødens misunneleg og sjalu, og skulle ynskje eg kunne vere som dykk i stadenfor å vere ein fjott som blir umtatta av alkohol, og tykkjer turen på butikken er meir enn nok aktivitet for ein dag.

 

Men ver så grei, eg seier dette for dykkar skyld; Ikkje ta bilete av kva du et til middag, og noter kaloriinnhaldet. Vi bryr oss verkeleg ikkje. Det går ikkje ann å unngå å sjå bileta de legg ut heller, for de er så enorme.

Kvifor eg ikkje går på UWC.

Eg skulle gjerne gått på UWC, eg. Så kunne eg vert instruktør i afrikansk rytmeleik for barn (8-12), gått i oransje klede, digga førdefestivalen, blitt vegetarianar, fått meg briller, og bli fast lesar av klassekampen. Eg kunne starta didgeridoo og munnspel duo, og opptredt naken. Blit begeistra for sanntidsdans, og dårlege maleri. For å ikkje snakke om å sitere Nietzsche aktivt, og poste info om regnskogen på facebook. Så kunne eg vore ein av dei som seier at det faktisk går an å ha det morro utan alkohol. Kven prøver du å lure? Ikkje meg.

Eg seier ikkje at UWC ikkje er bra. Det er berre ikkje noko for meg. Og for deg som har lyst å kalle meg den nye Are Kalvø, eller Erlend Loe; eg prøver tross alt veldig hardt. No skal eg drikke meg stupings på hulen. Signerar autografar frå 00.00-2.30.

Torkels feilfrie 'korleis på likes på facebook-liste'.

Så var det plutseleg nytt år, og ein må ta seg litt ekstra i nakken for å skrive 2011 i staden for 2011.  Ser du? Det er høgtid for alle '..sidan i fjor' vitsane, nikotinplaster, og treningsapparat som aldri blir brukte. Sjølv har eg berre eit, og til og med det er temmeleg urealistisk. Eg skal prøve å halde opp med å konsekvent slette statusane mine frå facebook når dei får mindre enn tre likes. Overfladisk, kanskje, men det tek verkeleg knekken på meg psykisk. Eg kaldsvettar medan eg nistirrar på statusen, og hjertet hoppar når eg ser det frekke raude tallet som kan redde dagen min. Uheldegvis må eg lide meg igjennom 'Sims Social' forespørnader, og invitasjonar til rumensk disco før eg får resultat.

 

Eg trur eg må knekke koden. Koden til å få flest likes. Eg har laga ei liste med 'steg til å få fleire likes' som eg har hengt opp diverse plassar i huset for å motivere meg sjølve. Det blir eit tungt år, men med rett dedikasjon og viljestyrke går det meste.

 

1. Skift kjønn. Forskning viser at jenter, gjerne med fin kroppsfasong, får fleire likes til tross for å vere dødenes kjedelege og/eller elendige.

2. Skriv triviellt! Inkluder gjerne smilefjes og andre hjelpemiddel for å vise kor glad og lukkeleg du er.

3. Ikkje bruk ironi og sarkasme. Mange forstår ikkje dette og trur du er seriøs, og blir dermed tilbakelente i likemuskelen.

4. Ha ein allsidig status. Ver open for alle aldersgrupper, kjønn, og etniske grupper.

5. Ikkje bruk orda 'valdtekt', 'mongo' eller 'slave'. Desse kan verke støytande, sjølv sett i kontekst.

6. Ikkje prøv å ver morosam. Dei som forstår humoren din er i likevel nølande til å like sidan det ikkje er nokon andre som gjer det og dei dermed blir ståande som einaste likar.

7. Vend deg til dei dumme vennane tidlegast i statusen. Sank likes frå desse først, og andre vil ha enklare for å hoppe på.

8. Referer til venner i gjennom 'alfakrøll' funksjonen. På dette viset garanterar du at vedkommande les statusen, samt føler seg inkluderte og spesielle. Eit godt redskap når du verkeleg er desperat.

9. Bruk orda 'trening', 'god dag', 'god kveld', 'middag', 'herlege', og 'nokon søte'. Dette skapar intense rykningar i likepumpa til dei fleste.

10. Ver hyggeleg! Skriv gode ting om andre som du ikkje eingang meiner, og ver helst litt falsk. Folk ser ikkje dette.

11. Ver kort. Dei lengre statusane blir i tøffaste laget for enkelte.

12. Vis at du ikkje prøver hardt! Dette inkluderar mild dysleksi, små bokstavar, og generelt dårlege formuleringar. Folk elskar dette.

13. Ha store musklar og fin bil. Forskning viser at dette aleine kan skape opp til 10 likes.

14. Ikkje ver redd om statusen ikkje slår igjennom med ein gong. Folk må få tid til å la statusen synke inn, før dei returnerar for å like.

15. Skriv navna på idrettsutøverar, gjerne rett etter dei har vunne i gull i valgt idrett. Inkluder mange utropsteikn og store bokstavar for best mogleg effekt. Kan kombinerast med punkt to, om du verkeleg er ute etter ein saftig status.

16. Skriv gjerne det same heile tida. Alltid. Mennesker er vanedyr, og set pris på å lese det same kvar einaste dag. Dette skaper ei tryggheitskjensle, og er enkelt å konsumere for dei fleste. Godt tips når du hadde ein knakandes status forgje helg, og føler for å gjenta suksessen.

17. Last gjerne opp bilete frå iphonen din eller andre smartphonar for å presisere og forsterke statusen. Dette går godt i hop med punkt 9.

18. Ikkje kveruler! Mein det alle andre meinar, slik at alle er einige med deg.

19. Pass på å ha med klassikaren 'what does not kill you only makes you stronger' i alle fall to-tre gongar i året. Dette er ein sikker vinnar på kveldingen, når folket kjem heim frå tunge arbeidsdagar og treningsøkter.

20. Ha det gøy! Det viktigaste med å skrive ein status er å ha det gøy! Gå gjerne på folkehøgskule for å maksimere utbyttet av punkt 20.

 

Med dette sagt, er det på tide å genere årets beste status. Mine damer og herrer, det er med eit stort hjerte, og stor ære at eg viser dykk min frankenstein.

TorklineSillikonEikevik says;

"godd nytår ale samen :) store og små lange og dumme fine og teite. har vert ein koseleg dag og god kveld med nokon søte  @...... @ ........... @ ........ @ .......... @...... NORTHUG VANN :))!!!!!!!!!!!! var på trening, finfint, *bilete av proteinshake*men, what does not kill you only makes you stronger ;). elska dåke alle vennane mine. litt lang status hehe men fordi eg er glad. eg likar kattar hunder, er snill glad i alle og alt, og hest. erbest natta alle. god middag"

 

Om det er noko du meiner bør stå på lista som ikkje gjer det, om eg mot all for modning skulle ha gløymt noko, er det berre å legge det igjen som kommentar, så får eg vurdere å inkludere det.

 

 


Usyrleg om etnisitet. BILETE FRÅ ETNISITETFJESMODULATOREN!

Sidan det førre innlegget var  melodramatisk, hormonelt, og umogeleg, vendar eg att tilbake til triviell og ufeiltolkbar lyrikk. Poesi, du veit, skrivekunst. Er du ein av dei som alltid har lurt på korleis du kjem til å sjå ut når du eldrast? Om du vil vere like fråstøytande som det du er no? Fortvil ikkje, du har heilt rett! Eg snubla over ein artikkel, sidan det er det eg gjer om vinteren, når eg sit inne med tom lommebok, depresjon, og alkoholiserte foreldre (EG SKØYAR 'Av-Og-Til uten alkohol', SLAPP AV.

Artikkelen dreia seg om ei side på nettet der ein kunne setje inn bilete av seg sjølve og sjå korleis ein ville sjå ut som eldrande, knøtt, eller som ulike rasar. Eg nølte lenge med å skrive 'rase' sidan
folk har ein tendens til å rase mot folk som brukar ordet rase, fordi det visst nok er rasisme. Når eg vaks opp var rasisme å seie 'negrar er dumme og stjel alltid bilar og luktar vondt og seier ord som eg ikkje forstår og er teite', noko som naturlegvis er idiotisk for alle med meir enn ein kvart hjerne å både meine eller  ytre, sidan det ikkje stemmer. Etnisk bakgrunn, var kanskje eit betre ord. Det høyrtest i alle fall mykje meir politisk og sosialistisk-venstreparti ut enn 'rase'. Etnisitet, kanskje. For nei, eg er ingen rasist. Dei fordømte jødane, derimot (niggah please, im just bustin' ya bawlls).

Uansett, med all ære til teknologien, det multikulturelle samfunnet, og etnisitet, her kjem bileta;

 

Sånn hadde eg sett ut som hipsterbaby med sixpence og sveisen til ein pedofil. Verdens første pedofile baby. Lucky guy.

 


Harrison Ford, og George Clooney må bukke under. Den kjekkaste eldre herren eg har sett på ei stund. Sixpencen tilbake i trygge kår.



 
Som afroamerikansk blei eg tydelegvis ei av hovudrollene i dexter.

http://dexter.wikia.com/wiki/Maria_LaGuerta

 


Legg merke til kommande konge av monobryn. Øst-asiatisk. Når ein blir øst-asiatisk legg ein og på seg ca fem kg i andletet.

 


Som tenåring ser ein uansett ut som ein teit drittsekk med botox.

 


Dette er slik eg ser ut når eg er full, i følgje nettsida. Sjarmtroll. 'Hei, tenkte eg sku sjekke deg opp fordi eg trur eg er god å sjekke opp jenter, og synest du var litt søt, blir du med å leike så eg verkar tøff for kompisane mine?' 
'Nei'.
Dette forklarar ein heil del.

 


Slik ville eg sjå ut som ung voksen. Biletet er ganske likt, og eg får nedsig.

 


Slik ser ein ut som blogghore_attentionGIVEMEPLEASE_1991. ' me å koze i senga mi ellar? jeg har coop påzi åg gitar'


All in.

Kvifor har eg så lyst å seie at eg vinn når det er eit tap eg sit att med? Kvifor skal det alltid stå på meg, at det nettopp er tape eg gjer? Eg er lei ansvaret eg ikkje har. Ikkje er i stand til å ha. Eg er lei av å bli kalla ansvarslaus, når det ikkje er noko ord som kler meg betre. Eg er lei av at det  å ikkje ta stilling til noko, fortsatt er å ta stilling til noko. Når det mest abstrakte ein kan tenkje seg, tanken sjølve, blir det einaste konstante ein kan forhalde seg til. 

Eg forstår deg ikkje. Du som seier at ting går rundt for deg, og erklærar deg forvirra. For meg stoppar det halvegs, og det dannast ein halvmåne. Ein ide blir brutalt delt i to og endar opp som det patetiske forsøket den nettopp var i utgangspunktet. Når du går 'All in' med pocket knekt, sit det alltid ein med eit ess i ermet. Stryk det, to ess i ermet. Det er alltid nokon som er betre. Det er alltid nokon som er betre, når du ikkje forventar det. Men 'All in' er ikkje nødvendigvis mykje. Det er ikkje nødvendigvis høge summar som står på spel. Men det er alt du har.  

Ein kan jo alltids 'rebye'. Starte på nytt, og satse på betre hell. Satse på betre kort. Du kan leve i den illusjonen, om at det er korta det handlar om, og ikkje deg sjølve. Så kan du vinne litt. Ri høgt på eit psykologisk overtak. Det er no eit tap står for tur. Du sjanglar deg over kneika, og har framleis greit med chips. Det går greit. Verken opp eller ned, fram eller bak, inn eller ut. Så kjem handa, endeleg. Du har gode kort, og veit akkurat korleis du skal bruke dei. 'All in',  seier du, tilsynelatande bråkjekt. Eigentleg er du nervøs. Eigentleg er hjertet din verste fiende. For det avslørar deg. Sjølv om det ikkje er ein bløff. To ess kjem til syne. Du smiler tafatt, og lurer kanskje ei sjel eller to, medan du nølande presterar å få ut ein 'nice hand'  før du takkar for deg og reiser heim. Poker kan vere vanskeleg. Poker kan vere nervepirrande, og frustrerande. Poker handlar om lære seg når ein skal kaste deg. Men mest av alt handlar det om å spele på gode hender. Sei kva du vil. Eg elskar poker uansett.

Livet som sparkoman endar titt og ofte opp i peparkakebyen.

Det går rasande fort (opp) for meg at vi er halvegs til jul. Det går og så rasande fort (opp) for meg at eg ikkje bryr meg så veldig. Nei, eg skal spare dykk for å lese endå ein antimaterialistisk julehetsartikkel, slapp av. Det er vinteren generelt. Høgtida for depresjon, fedme, hoftebeinsbrudd, og straumrekningar. Og nei, du som synest det er kosleg å vakne opp i mørket og kjenne istappar løsne frå den, ein gang våte kroppen din, etter du vågalt forsøker å gå ut av dusjen før det har gått ein time. Du tek feil. Alle har rett til å ha si meining. Det betyr også at alle har rett til å kritisere idiotiske meiningar, som dine. Eg trur ikkje at eg veit betre enn alle. Eg trur eg veit betre enn deg. Så bit det i deg, rull opp skjerfet, kjenn det rive i skjegget, og spark så ballane raknar. Sparkoman.

Men så hender det at ein sit der. Ser ut i gatene. På dei fortvila menneska som mellom alle legotårna, og videospela ikkje heilt hugsar kvar dei bur. Ein ser dei finkorna smøkrystallane dale mot andleta til menneska ein er glad i, og menneska ein ikkje veit kva er. Du veit, dei. Som ein verkeleg må anstrenge seg for å sjå kjønnet på. Jakkene er ofte store om vinteren, så menneska tendenserar titt og ofte til å vere ugjenkjennbare med tanke på kroppsleg oppbygging. Nå spør du deg kanskje det same spørsmålet som eg gjer; 'Kva er titt?'. Eg ser for meg at titt er litt meir enn berre ofte. Titt er det ein brukar når ein fleire gongar i løpet av ein dag sjekkar kjøleskapet, sjølv om ein veit akkurat kva som er, og ikkje er der. Titt er ein repetiv, regelmessig ofte, med eit heller komisk utfall. For å vere nogenlunde grei, kan eg avslutte den uavslutta voiceover seansen min først i avsnittet. Der ein zoomar vekk frå hovedpersonane, medan leppene deira bevegar seg, og moralen legg seg over deg som magesyre gjer om tanngarden din, etter du kastar opp, fordi det er så kvalmt. Det hender ein sit der. Og når ein sit der, så får ein plutseleg spørsmål om ein vil vere med i peparkakebyen. Den må jo alle sjå. 

 

Ok, då. Eg blir med. 

 

 

Du kan google 'Hvordan ser titt ut?' og sjå bileta der i frå. Nyt det første biletet. Titt har fått eit ansikt.

 

 

 

Fruktnøtt

Klokka er ti over halv to, det er laurdagsformiddag, og kaffen var surare enn normalt. Katten har att vert trassig, og har urinert ved enden av trappa. Dette merka du ikkje før du faktisk befinn deg midt oppi det heile. Det var det siste paret med sokkar, og.

Du veit at det er laurdag, og at du burde kjøpe graut. Det er tross alt tradisjon, noko vi nordmenn set pris på stadig vekk. At ordet 'tradisjon' stadig vekk blir assossiert med alkoholmisbruk kan vere ein avgjerande faktor. Sjølv er du ikkje så veldig glad i graut, og meiner faktisk det er litt kjedeleg. Du slår på stortromma og kjøper riskrem i staden. Tilbehøret blir rød saft, fordi du ikkje hadde råd til bringebærsaus. På veg mot kassa får du auge på ein person du helst kunne unngått å snakke med. Du tar turen rundt sjokoladehylla i staden for å til din store fortvilelse finne ut at vedkommande gjorde det same. De får blikk-kontakt, og du føler det er di oppgåve å åpne samtalen trivielt og jovialt. Vedkommande responderar på samme vis, og du lurer på om denne personen og merkar kor ubehageleg det heile er. Du smiler medan personen snakkar, og ventar intenst på å få ein moglegheit til å unnskylde deg sjølve slik at du kan gå heim å ete riskrem.

Situasjonen blir forverra av at ein tredjepart blir inkludert i samtalen. Han er for å strø salt i såret lykkeleg i tillegg, og den tilsynelatande endelause samtalen som no var tom for bensin er att blitt påfyllt. Kvifor skal det vere så vanskeleg, tenkjer du. Du ser ein moglegheit. Dei to skapningane har åpenlyst funne tonen, og du utnyttar denne augneblinken til å late som du skal kjøpe sjokolade. Du tek opp ein fruktnøtt, i rein desperasjon, og håpar at du ikkje blir avslørt. Du veit at du burde bli avslørt, sidan ingen et fruktnøtt. Utanom Arne Hjeltnes, han et kanskje fruktnøtt. Du tenkjer på om Arne Hjeltnes smattar når han et fruktnøtt. Om du kan sjå nøttene knusast mellom tennene til Arne Hjeltnes, medan han forklarar forskjellen mellom ein orkan og ein tornado. Du flørtar med den erotiske tanken, og flirer. Menneska rundt deg avsluttar samtalen, og du snur brått. Du snublar i ei forbipasserande handlevogn, og blir pressa til endå ein samtale. Du lurer på om riskremen var verdt det. Du betalar for deg og reiser heim.

Posen med riskrem og bringebærsaft set seg fast i det eine hjulet på sykkelen. Ingen skade skjer, men du må gå det siste stykket. Katten har urinert i gangen. Riskremen svir seg. På fjernsynet er det utruleg nok ingenting bra på ein lørdagsettermiddag. Du tar til takke med samiske nyhender på teiknespråk. Du matar katten. Du hiv katten ut. Du tar katten inn igjen. Han bryt tilliten din. Du kastar han ut igjen.

Tilfeldige tankar, bilete, og duer som blir spytta på, og riktig nok beklaga til, for rett skal vere rett.



Det er to typar mennesker her i verda. Dei som ved uhell spyttar på duer og faktisk beklagar seg for det til dei, og dei som ikkje gjer det. Eg er av den første typen. Ved rask gange etter den mildt sagt voldtatte naturfagprøva, set eg kursen mot byparken. Eg passerar ein rumenar med munnflygel som spyttar ivrig på bakken. Eg blir påverka av mannen, og får lyst til å praktisere spytting resten av turen. 'Grei ut om bioenergi'. Eg les sjølvhøgtideleg på prøvearket og godtar meg med seier. Ei ubehagelig blanding av munnvæsker samlar seg opp i kjeften min, og eg vel å ikkje svelgje det. Etter å ha blitt inspirert av rumenaren, spyttar eg hensynslaust og markant til mi venstre side. Ei uheldig due får projektilen i andletet. 'Fuck deg' seier den, i det eg innser handlinga mi, og snur meg for å høglytt beklage meg. 'Hold nebb' seier eg, smiler nøgd,  og innser ikkje før minuttet etter at eg siterar eit donaldblad frå 1995.

Vidare går turen mot garage. Ein mann spaserar så freidig forbi meg på eit vis som gjer meg lyst til å anklage han for å vere homofil. Eg passerar ICA, og legg merke til 'Ingen hundar tillatne' skiltet, medan eg humrar av tanken på ein hund som står på to bein over handlekorga, og bjeffar utolmodig. 'Det er billegare på REMA 1000' seier eg upassande høgt og to personar snur seg varsamt for å forsikre seg om at dei ikkje blir overfalt av den åpenlyst forstyrra mannen som høgt konstanterar observasjonen sin. Dørene til REMA 1000 blir åpna av ein annan mann som snakkar til seg sjølve. Kanskje vi er i slekt, tenkjer eg, og vaglar klumsete forbi julesnopet. Eg blir forkasta av synet, og får lyst til å vere prinsipiell motstandar av det i nøyaktig tre sekund før eg ombestemmer meg og tek med ein pakke pepperkaker, og ei julebrus. I kassen er eg som alltid upåklageleg hyggjeleg. Det er eg og med kelnarane som i håp om ein normal respons ynskjer meg ein god smaksopplevelse. 'Du og'.

 

Den siste bakken heim går med til å studere eit individ med blond hestehale, hatt, og jakka til far min. For ein karakter, tenkjer eg, medan eg brått ser meg i eit bilvindu og ubehagelig som det er, innser at eg liknar ein patetisk kryssning av Justin Bieber, Oliver Twist, og Bon Scott. Døra til leiligheita mi blir opna av ei anna kvinne. Det er greit, og vi helser formelt og fint og snakkar om ingenting. Det var kanskje like greit, sidan nøklane har ein tendens til å nekte. Eg går inn, og blir møtt av den grasiøse lukta av søppel, uvaska sokkar, og utgått melk. Eg set meg ned, og ser tomt ut glaset. Eg ser ei due sitje på vinduskarmen. 'Unnskyld' seier eg lavt.

 

 

 

Korleis har min dag vore, spør du?

 

Dette er Pan. Han var hunden vår ein periode. Biletet er relativt urelatert forutenom at Pan likte fugleavføring.


Dette er frå mi tid som skodespelar i 'Pianisten'. Biletet er så absolutt ikkje relatert til Pan. Eller noko som helst.

 


Her er før på kvelden, frå den kvelden eg var med i Pianisten. Eg byrja her å bli brisen. Biletet er altså ikkje relatert til noko anna enn det siste biletet, som og er urelatert.

 



Har gått frå brisen til dritfull. Biletet er relatert til forgje bilete.

 


Her spelar eg gitar. Det er relatert til det forgje biletet fordi eg likar å spele gitar når eg er dritfull.

 


Her blir ei jente sjarmert unådeleg i senk. Det er relatert til det forgje biletet, fordi jenter blir sjarmert av gitarspel, og fordi eg har samme skjorte.


Det biletet her er meg, dritfull, i eit boblebad med ein annan mann. Biletet treng ikkje vere relatert til noko som helst fordi det er meg, dritfull, i eit boblebad med ein annan mann. Ellers er det relatert til alle bileta utenom det første.

Les filles comme elle, sont rares. Dikt om piker.

Det var ein gong ei kvinne

som sjelden var  å finne

hennar blikk

gav eit kick

og tru meg, den som fikk

gikk fra 'slapp' og over til 'pinne'.

 

 


Nokre jenter suger. Andre suger ikkje.

Nokre liknar fluger, andre liknar bikkjer.

Nokre jenter smiler, andre smiler ikkje

men Ingen jenter smiler, som Angela Mitchell.

Det siste rima dårleg, det andre rima bra

Ei jente for meg, er ei jente som skrik 'ja'

Ja det er mange typer jenter, både kremen, dritten,  og møkken;

så bra dei alle har eit fellesareal, inne på mitt kjøkken.

 

Roser er røde

Fioler er blå

homoerotiske dikt

Charlie Sheen

 

 

 

 

Eg har lyst å

skade ho

slik at ho kan

skrike

navnet

mitt

høgt

lenge

og mykje 

fordi eg er

Alice Cooper. 

 

 

 

 Auga mine

møter dine

det er seint

det er kleint.

 

 

'Møt meg', sa guten, og flira bråkjekt til henne. Ho vurderte det. Ho såg på han. Luringen. Dei såg på kvarandre. Dei var nærme no. Han berørte nakken hennar med fingrane. Førte dei lystig igjennom det fyldige  håret hennar. Som han hadde gjort med så mange jenter før henne. Om ho berre visste, tenkte han. Visste kor såra ho kom til å bli. Slik dei alle vart. Auga hennar glinsa i den håpefulle natta. Så naiv ho er, tenkjer han. Så søt ho er, tenkjer han. 'Møt meg'. Orda hadde ein fin flyt over seg. Fulle mennesker spaserte brautande forbi dei flørtande ungdommane. Ellers var gata tom. Det var kun dei. Det var kjølig, men det hindra han ikkje å kle seg slik han ville. Han hadde brukt lang tid på håret sitt i dag. Han skulle jo tross alt møte ho. Han skulle jo tross alt få henne med seg heim. Han stirra på ho. I håp om eit svar. Han lurte seg sjølv til å tenkje at det ikkje var så farleg om ho gjorde det eller ikkje. Han laug til seg sjølve om at han ikkje brydde seg.  Blikket hennar flikka leikent rundt. Herregud så nydeleg ho var. Lysta til å rive av ho alle kleda vart nesten uuthaldeleg. Det var dei tretti lengste sekunda i livet hans. Ho smilte. Ho pressa tunga mot fortennene. Ho var ikkje som dei andre. Han merka det alt no. Han hadde lurt på det ei stund. Han var sikker no. Han la handa si på nakken hennar, og pressa henne mot han, sakte. Så håpa han på det beste.

 'Møt meg'. Kva var no det for ein ting å seie, tenkte ho. Hadde han ikkje ballar nok til å kysse henne utan at ho måtte 'møte' han? Ho fniste litt av den hovne drittsekken som stod og glana dumt på henne. Han var så ekkelt ovenpå. Plutseleg kjende ho handa hans presse mot nakken hennar. Det var jo og ein ting å gjere. Stakkar mann, tenkte ho og møtte den håpefulle mannen på midten. 

 

 

Takk for alt.

Det er nok med, eit tungt hjerte og tårevåte auger, på høgtid å innsjå at 'bloggindustrien' ikkje favoriserar menneskjer som eg (smarte, velformulerte, dyktige, osb). Ein kan velje å leve i ein illusjon der ein kan vere mann og skrive blogg utan å vere høgreekstremist, homofil, eller liksomhomofil, eller ein kan ta seg sjølve i nakken og verkeleg bli kompis med realiteten. Det er ikkje plass for slike som meg her. Det er ein trist dag for norske bloggar. Det er ein trist dag for blogg.no. Og mest av alt er det ein trist dag fordi eg har prestert å bruke ordet 'blogg' heile fem gongar i løpet av eit halvt avsnitt.

 

Sidan eg er ein mann med ei veldig realistisk røyndomsoppfatning (ikkje le), og som veit kor han står i forhold til andre (over dei, kronisk), og sidan eg ikkje er ein idiot (tosk er vel meir passane), har eg resonnert meg fram til, og konkludert med, at eg diverre må.....

 

Skifte kjønn.

For ja? Kva skal eg vel spele på når eg ikkje kan spele på sex? SLIK SOM DE ALLE GJER, HORER. Det held ikkje at eg er provoserande-underhaldande, søt, spydig, og spissfindig, gjer det vel? Eg får ta til vurdering å poste bilete av tilfeldige kvinnebryst på kvart innlegg, trur eg. Eller berre få meg eit par. Så kjære lesarar, alle to, kva skal eg gjere? Skifte kjønn? Stå på snowboard? Spørje i slutten av kvart innlegg kva lesarane tenkjer? Slår nakenbilete ann? Nei? Kvifor? Fordi ein naken mannekropp er meir forkasteleg enn ein drektig pytonslange sa du? Slutte å vere ein hoven, sjølvelskande idiot(tosk)? Slutte å late som eg er ein? Slutte å late som? Bli homo?. Nei folkens. Eg skal gjere alt, eg. Kvifor? Fordi eg og er ei HORE.

LET THE GREAT EXPERIMEEENT BEGIIIIIN

- Du er søt om du tok referansen. I tilfelle;

Tok du referansen? Og sidan det er fredag i dag, kva skal du i kveld? Eg bryr meg. Verkeleg.

Tilfeldig bilete av ei dame som var på besøk her om dagen.

Les mer i arkivet » Mars 2014 » November 2012 » September 2012
Torkel Eikevik

Torkel Eikevik

22, Bergen

Om du seier hei når du ser meg skal du få klem. Og bolle, om du ikkje er laktoseintolerant, då får du ein iskaffe i staden. Eg veit ikkje om dei selg iskaffe lengre, men det finn vi ut av, kjære deg. Den her bloggen er heilt jævlig og burde ikkje lesast av nokon.

bloglovin bloglovin

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits